søndag 29. mai 2011

Bokmelding Kaninbyen av Arild Rein

Kaninbyen som er skriven av Arild Rein er den tredje og siste boka i stavangertrilogien. Kaninbyen vart først utgjeven i 2004. Handlinga går over eit tidsrom på omtrent et par veker, og alt skjer i Stavanger. Boka handlar om ein avgått politimann som går under namnet Jonny Roxmann. Jonny er arbeidslaus og bor i ei hytte som ligg i kolonihagen, han arva denne hytta av far sin. Jonny har svært lite kontakt med mora si, og likar seg best for seg sjølv. Han ser på andre menneske som irritasjonsobjekt. Dette endrar seg når han møter ei Thailands kvinne med namnet Kim. Jonny blir svakt forelska i ho, men oppdagar etter kvart alle problema Kim har. Jonny finn ut at Kim driv med menneskesmugling, men han bryr seg ikkje noko særlig om det.
Fyrsteintrykket eg fekk av boka var at det er eit nærmast panisk forhold til banning. Det vert brukt banning i nærmast kvart avsnitt.. Eg tenkjar at det er greitt med banning i litterær samanheng så lenge banninga vert brukt som eit verkemiddel for å understreke poeng. Dette kommer ikkje godt nok fram i Kaninbyen. I boka overdriv forfattaren bruken av banneord, slik at det heile vert barnseleg og øydeleggar språket.
Etter kvart som eg kom eit stykkje ut i boka, forsvann den raude tråden for meg. Eg følte at det ikkje lenger var ein samanheng i boka, og spenningskurva var relativt lav gjennom heile teksten. Dette er ting som eg ser på som viktige kriteria for at ei bok skal vere bra. Det blei vanskeleg å konsentrera seg mens eg las fordi det rett og slett var ei kjedeleg bok.  
Gjennom resten av boka fekk eg inntrykk av at Jonny Roxmann må vera eit av verdas sintaste og bitraste personar. Alle tankane han har, og måten han rangerar personar på er nesten heilt latterleg. Ein får tidleg inntrykk av at dette er ein person som ikkje går så godt ilag saman med andre. Vidare tenkjer eg ikkje at boka seier noko særleg mye om Stavanger utan Jonny si eiga meining. Han meiner at Stavanger er eit tomt eggeskal og alle menneska som bur der er idiotar og verdilaust søppel.
Kaninbyen var ikkje noko særleg kjekk å lesa, og eg følte at forfattaren bare skreiv utan mål og meining. Arild Rein skriver seg til tider vekk frå hovudhandlinga og det vert tungt å lesa boka. Boka er prega av lange og meiningslause setningar, og eit språk som eg meiner er dårleg.

Kjelder
Rein, Arild. 2004: "Kaninbyen". DNS. Oslo (Lokalisert/lest 8 – 10 .04.2011)